Om

Forhistorie


I nordenden av Gjersetvatnet, i Ålesund (tidlegare Haram) kommune, var det frå gamalt av ein stemneplass for bygdene omkring der det vart haldne losjestemne. Ideen om å lage eit aktivitetsområde starta på Grytestranda skule, der ein i fleire år hadde nytta dette området til læring og fysiske aktivitetar for elevane sine.


Skulen og bygdelaget vart einige om å lage til Gjersetdalen Villmarksområde, og dei ville at dette også skulle verte eit område som skulle kunne nyttast av ulike brukargrupper i heile kommune vår.


Det var ynskjer om å skape ein arena der: barn og unge får oppleve glede og trivsel i møte med naturen, delta og få opplæring i forskjellige praktiske arbeidsoppgåver.

Dei som ikkje finn seg til rette i tradisjonelle organiserte aktivitetar opplever mestring og generasjonar kan møtast og lære av kvarandre.


I mellomtida:














På nordvestsida av Gjersetvatnet, fint til på ei flate, låg også ”Gjersethytta”. Ho vart bygd for rundt 50 år sidan, og var på ca 30 kvm. Material og utstyr til hytta vart frakta på båt frå Brattvåg og over Synnalandsvatnet om sommaren. På vinterstid gjekk transporten føre seg med kjelke opp gjennom dalen til tomta der hytta låg.


I sine yngre år blei hytta jamt brukt både til jakt, fiske og friluftsliv. Det er mang ein familie som faktisk har brukt delar av ferien sin der oppe.


I dei seinare åra hadde hytta dessverre blitt lite brukt og vedlikehaldet hadde vore heller sparsommeleg, så den stod meir eller mindre til forfall. 


Hausten 2001 overtok Brattvåg Røde Kors ” Gjersethytta” vederlagsfritt frå Brattvåg Jakt og Fiskelag. Dessverre så viste det seg at tilstanden til hytta var så dårleg at det vart bestemt å bygge ei ny hytte på same tomta.


Ron Borge Finnøy, som var leiar i Brattvåg Røde Kors, vart hausten 2003 kontakta av Per Ove Urkedal. Han representerer Grytestranda barneskule og ønska eit samarbeid med Brattvåg Røde Kors vedrørande hytta og området i Gjersetdalen. 


Som ei følgje av dette har Grytestranda skule, Brattvåg Røde Kors, Rådet for funksjonshemma og Grytestranda bygdelag gått saman om å utvikle eit villmarksområde ved nordenden av Gjersetvatnet. Dette er tenkt å bli eit opplevelsesområde med bruk av fjell og vatn.


Prosjektet vil være tilgjengeleg for mange ulike brukargrupper som barn og unge, skuleklasser, lag og foreiningar, bedrifter og liknande. Det vil også bli tilrettelagt for rørslehemma.


Gjersetdalen Villmarksområde hadde stiftingsmøte torsdag 20. april 2006. I forkant av dette har det dei siste to åra vore nedsatt ei arbeidsgruppe som har arbeidd med å førebu føretaket.


Gjersetdalen Villmarksområde BA skal:

 

oppføre anlegg og bygningar for friluftsaktivitetar i eit regulert område innleigd frå grunneigarane på Gjerset og tilretteleggje/ drive aktivitet i tilknytning til desse anlegga.

gi barn og unge brei kunnskap om samanhengane i naturen og samspelet mellom menneske og natur.

skape ein møteplass som kan skape fellesskap og litt annleis relasjonar.

gi høve til friluftsliv og glede over fysisk aktivitet og det storslåtte i naturen til alle, det vere seg ung og gammal, funksjonsfrisk og funksjonshemma, organisasjonar og einskildmenneske.


Oppføring av bygningar og installasjonar samt utarbeiding av ulike aktivitetar er tenkt gjennomført / opparbeidd stegvis.


Første steg for føretaket var opparbeiding av vegar slik at  byggearbeidet kan komme i gang, og at funksjonshemma får høve til å nytte området.   


Etterkvart som prosjektet voks i omfang, kom også Haram kommune og IL Norborg med på laget. Og prosjektene er finansiert via tippemidler, gåver, andelsbrev og ein betydleg stor andel dugnad.


Naust, klubbhus, aktivitetsområde og gapahuk er kome på plass.


Her er nokre bilete av korleis anlegget har tatt form fram til i dag:













Grunnmur Naust:                           Naust oppkome:                           Grillområde og Naust:














Før Oppstart                               Grunnmur Gildehall:                       Grindbygget oppe:














Naust i solskin:                             Gildehall innvendig:                       Området sett frå vatnet: